Om Osterøy I.L. |Grasrotandel-nr: 975 682 447Innlogging intranett

NM friidrett Byrkjelo 17. - 19. august 2018

 

Kongepokal til Sigrid.  FOTO: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Sigrid Borge 60,70 i første omgang og gull. Gratulerer med ditt 3. senior NM i spyd (foto:HR)

Tekst:BV. Osterøy IL er utruleg stolte over å få Kongepokalen heim til Haus og Osterøy i dag. Sigrid Borge er ein fantastisk Osterøy-ambassadør og representant for norsk friidrett. Mykje arbeid og stort tolmod ligg bak - frå den spede byrjinga som lita jente - til ho no vinn den gjevaste premien i norsk friidrett. Sigrid er eit stjerneeksempel på ei velkomponert og lokalprodusert vinnaroppskrift, og ein lyt takka og bukka for den jobben trenar Helga har lagt ned over mange år. Arne og Bjarte har også tilført mykje med sin kompetanse på basistrening. Friidrettsgruppa må også takka gode sponsorar som gjer satsinga mogeleg. Me trur ikkje dei angrar på at dei vart med på denne reisa. Og ikkje minst - dette er berre begynnelsen, folkens! Me gler oss til å følgja Team Borge i åra som kjem.

Søndag kveld: Sigrid og Kongepokalen vel heime i Haus der ivrige trenarar er på plass. (foto:HH)

Sigrid og Karsten med Konepokal. (fb:foto)

Arrangørlink

206 Sigrid Borge

Sigrid Borge 60,70 i første omgang og gull

207 Trygve Feidje Mjelde

Trygve F Mjelde med flott innspurt 800m forsøk, men litt for sein til å nå finalen. (foto:HR)

1500m forsøk fredag kl. 16.00 utslått på tida 4,00,59

800m  forsøk  lørdag kl. 14.30 utslått på tida 1,59,99

(19.08.18)