Om Osterøy I.L. |Grasrotandel-nr: 975 682 447Innlogging intranett

Meir stafettgull til veteranane i Gneiststafetten 25. april 2018

Øverst på pallen (facebookfoto)

Tore Hannisdal, Frode Langhelle, Gisle Raknes, Bjarte Vik og Kjetil Monstad

Etter stafetten hadde Bjarte Vik krefter til eit fyldig referat frå stafetten.  Resultat.  gull til Osterøy Menn veteran 45+

Etter at ein unngjekk pallen på Fristafetten med knappast mogeleg margin, kunne gullgutane endeleg stiga opp på det øvste trinnet i Gneiststafetten. Det såg spøkje ut etter tre av fem etappar, sidan Varegg hadde pøst på med sine storkanoner i starten. Med fellesstart alle klassar såg gentlemannen Tore Hannisdal det som si oppgåve å taua damefeltet inn til ei god etappetid på førsteetappen. Då Gisle Raknes fekk pinnen hadde Tore brukt 3.15 på sin 1000m inne på Fana stadion. Gisle spønte ut av bana og forsvann ned  maratonporten. Fornuftig nok sparte han litt på krutet nede på ein 400m grasrunde der publikum ikkje hadde tilgang, før han gauv laus på siste 200m inne på bana. Etappetid 2.46 på 805 m der halvparten er gras, indikerer at dette noko ubeskrive løpsbladet blir med i klubbkampen om 800m-hegemoniet i superveteranklassen. På tredjeetappen utnytta den erfarne og evigunge Bjarte Vik vekslingsfelta maksimalt og pressa dermed sin 600m-etappe på bana ned i 580m. Slik unngjekk han "storsleggja" på oppløpssida. På etappen passerte Vik ein Varegg-veteran som såg temmeleg medtekjen ut og vart passert av ei Gular-dame med langt friskare fråspark. Etappetid 1.55. På fjerde etappen disponerte Kjetil Monstad kreftene som ein gud, passerte Gular-damene og parkerte Varegg-veteranane. Etappen gjekk unna på 6.33 på 1950m svingete gras, asfalt og bane. Med ein friskmeldt Monstad-ekspress på langetappen vart det ein rein parademarsj for Frode Langhelle siste 200m (27,9 sek). Det såg beint fram lekkert ut frå start til mål. No gjeld det for karane å bevara den gode forma til Askstafetten 1. mai. Det vert ikkje enkelt å springa seg inn på dette laget.

(26.04.18)