Om Osterøy I.L. |Grasrotandel-nr: 975 682 447Innlogging intranett

Reglement, Ribbecup

1. Lag og spelarar

1.1. Deltakarar må vere eldre enn 15 år, eller fylle 15 år i løpet av 2013

1.2. Laga kan i løpet av turneringa bruke maks 8 spelarar. Alle spelarar skal vera meldt til arrangør innan turneringa startar.

1.3. Lag i mosjonsklassen kan ikkje nytte aktive spelarar. Spelarar som har spelt organisert fotball i løpet 2013 vert rekna som aktive.

Dette gjeld ikkje dameklassen. Innføring av Dameklasse medfører at ein ikkje lenger MÅ ha ei kvinne på bana i mosjonsklassen, men det er sjølvsagt tillatt.

1.4. Ein spelar kan ikkje delta på meir enn eitt (1) lag i løpet av turneringa - uavhengig av klasse.

1.5. Det skal nyttast leggskinn

1.6. Det skal nyttast sko som ikkje set merker i underlaget, eller på anna måte skader dette

2. Kampreglar

2.1. Kampane vert spelt 1x13 minutt i gruppespelet og 1x15 minutt i sluttspelet. Finalar vert spelt 2 x 10 minuttar

2.2. Startoppstilling består av 1 keeper og 4 utespelarar (Gjeld no alle klassar)

2.3. Det skal vera 5 spelarar frå kvart lag på bana før kampen vert sett i gong

2.4. Dersom eit lag berre har ein spelarar att på bana kan kampen stoppast – resultat blir sett til det stillinga var då kampen vart stoppa.

2.5. Dersom det grunna utvisningar skulle verta mindre enn 2 spelarar frå eit lag på bana, kan soninga til siste utviste spelar utsetjast til ny spelar kan setjast inn.

2.6. Dersom eit lag leiar med 4 mål eller meir, kan det laget som ligg under setja inn ein ekstra spelar.

2.7. Det vert tatt innspark i staden for innkast dersom ballen går ut over sidelinjene.

2.8. Dersom ballen treff taket, skal motstandarlaget ha frispark frå midtlinja.

2.9. Treff ballen taket utanfor spelebana, skal det vera innspark eller utkast frå keeper.

2.10. Motstandar skal stå minst 4 m frå ballen ved avspark, innspark, frispark, hjørnespark (og straffar. )

2.11. Glidetaklingar er ikkje lov, og vil bli straffa med gult kort.

2.12. Alle frispark er indirekte

2.13. Straffespark skal takast frå 9 meters-merket

2.14. Keeper kan halda ballen i maks. 4 sekund.

2.15. Keeper kan ikkje ta opp ballen ved tilbakespel frå eigen spelar.

2.16. Keeper kan berre ta ballen med hendene inne i straffefeltet (6 meter). Ballen skal kastast ut når den har vore over mållinja, og må røra golvet eller spelar før den går over midtlinja. (Keeper kan òg setja i gang spelet med utspark langs bakken.)

2.17. Ved uavgjorte kampar i sluttspelet skal kampen avgjerast på straffespark. Kvart lag tar 3 straffar kvar. Dersom avgjerd framleis ikkje føreligg, skal det takast ein og ein straffe til kampen er avgjort.

3. Utvisningar

3.1. Gult kort gir utvisning for resten av kampen. Ny spelar kan setjast inn med ein gong.

3.2. Raudt kort gir utvisning for resten av kampen. Ny spelar kan setjast inn etter 3 minutt

3.3. To raude kort gir utestenging for resten av turneringa

Velve sverdrupsteel osteroyentr Rema 1000 HTB Osterøy Taxi hanseneknes oster
GIAB jakta damstahl nemi mjos lobas leroy YX