Om Osterøy I.L. |Grasrotandel-nr: 975 682 447Innlogging intranett

Ribbecup


"OIL Ribbecup" er eit årvisst "trivselsarrangement" der målet er å springe av seg noko av "juleflesket" som utvilsamt vil vere i ferd med å legge seg på stader det er vanskeleg å bli kvitt. Samstundes gir turneringa høve til vennskapeleg tevling med ball - noko som alltid er morosamt..

I år vert turneringa arrangert lørdag 26. - søndag 27. desember.


Turneringa har til no vore ein stor suksess, og vonleg vil denne trenden halde seg også i tida framover.

I "OIL Ribbecup" kan nesten alle delta. Det einaste kravet som vert satt er du fyller, eller har fylt, 15 år før året er omme.

Turneringa femner om fire klassar:

1 - Aktiv Klasse

2 - Mosjonsklasse.

3 - Damer

4 - 50 +

Me gjer merksam på at det er ikkje høve til å stilla med aktive spelarar i mosjonsklassene. Med "aktive" spelarar meiner ein spelarar (over 15) som har spelt aktiv, organisert klubbfotball i løpet av inneverande år. Uansett nivå. I 50+ klassen må alle deltakarar ha fylt 50 år ila 2015 - eller vera eldre.  I dameklassen er det ingen restriksjonar, men spelarane må vera 15 år.

Her kan du lesa meir om reglane.

Påmelding tek me mot på e-post til post@ribbecupen.no eller ved hjelp av påmeldingsskjema på www.ribbecupen.no. Prinsippet om først til mølla vil gjelda.

I påmeldinga skal det gjevast opp namn på lag, kontaktperson og kontaktperson sin kontaktinfo (e-post og mobilnr.) I tillegg må det komma fram om laget skal meldast på i aktiv eller mosjonsklasse. Det er svært viktig at e-post og mobiltelefon til kontaktperson vert gitt opp.

Arrangøren tek forbehold om justeringar.

Reglar og kampoppsett vil bli tilsendt lagets kontaktperson.

Dette vil verta kunngjort på www.osteroyil.no

Velve sverdrupsteel osteroyentr Rema 1000 HTB Osterøy Taxi hanseneknes oster
GIAB jakta damstahl nemi mjos lobas leroy YX