Det vart halde årsmøte i Osterøy IL onsdag 21.mars kl. 19.00 i klubbhuset på Hatland.
Ein av postane på programmet var at leiar Svein Lohne (til venstre) delte ut det synlege beviset på æresmedlemskapen til Jørgen Varden. Jørgen vart oppnemnd i fjor medan årsmøtet i år utnemnde Vidar Simmenes til ny æresmedlem. Vidar har ei svært lang og tru teneste i laget bak seg, men har særleg lagt ned eit enormt arbeid i å ta vare på laget sitt arkiv og historie. Elles gjekk alle saker greitt gjennom og Svein Lohne tok attval som leiar for 2018.
(21.03.18)