Om Osterøy I.L. | Grasrotandel-nr: 975 682 447

Minneord Johannes Loftås

Heidersmedlem i Osterøy IL, Johannes Loftås (f. 1924), gjekk bort 5. juli 2020.  Johannes vart utnemnd til heidersmedlem i samband med 75-årsjubileet til idrettslaget i 1993.

Minneord Johannes Loftås

I jubileumsboka frå 2018 kan ein lesa dette portrettet om den svært allsidige utøvaren og idrettsleiaren:       

«Johannes Loftås melde seg inn i Skarphedin i 1941. Då var han 16 år, og det måtte ein vera for å få medlemskap. Han viste tidleg eit stort talent. I 1937 var han bestemann av alle i eit skuleidrettsstevne på Brubakkane, med deltaking frå fleire skular i Haus kommune. Året etter tok han skuleidrettsmerket i gull, som ein av dei to første i kommunen.

Etter krigen vart Johannes av dei mest allsidige utøvarane laget har hatt, og han hevda seg mellom dei beste i friidrett, ski, orientering og skøyter. Han engasjerte seg også ei årrekkje i sentrale styreverv, både i hovudstyret og i alle desse fire idrettane. Han hadde formannsvervet i hovudstyret i 1969-1971, i skigruppa i 1979-1981 og i friidrettsgruppa åra 1972-1974 og i 1976. I 1982 var han medlem i draktfargenemnda, som la ned eit stort arbeid i ei vanskeleg sak. Johannes var også med i byggjenemnda for Furubakken idrettsplass. I alle år dreiv han eige firma. I ei årrekkje var han med som arrangør og funksjonær ved svært mange idrettsstevne, også etter at han vart pensjonist. For friidrettsgruppa tok han ekstremt mange vakter ved Bergen Travpark, dei åra dette var den sikraste inntektskjelda.     

Nokre personlege rekordar i friidrett: 800 m 2.11,0, 1500 m 4.30.2, diskos 32.96 og spyd 46.24.  I langrennsporet var han mellom mykje anna med på laget som vann Brannstafetten i 1947, saman med Arnljot Rongved, Sverre Hartveit og Reidar Rongved. Han var også ein av dei ivrigaste skøyteløparane i tiåret etter krigen, og står med alle registrerte lagsrekordar; 50,9 på 500 m, 2.42,9 på 1500 m og 5.50,0 på 3000 m.

I 1950 sprang Johannes 10. etappen i Holmenkollstafetten, første gong Osterøy stilte lag. Her hadde han den 1200 m lange etappen i Frognerparken. Rett etter krigen var han den beste orienteringsløparen i Osterøy IL. Faktisk vann han og Randi Reigstad herre- og dameklassen i det første orienteringsløpet som Skarphedin skipa, hausten 1945. Seinare gifta dei to seg og fekk fleire idrettsaktive born. I 1976 var både Johannes og Randi til Førde og tok imot idrettsmerkestatuetten. Johannes var ein engasjert idrettsfar som reiste rundt med borna både vinter og sommar. Ekteparet Loftås fekk sjå både sonen Kjetil, dottera Kari og dei to barneborna Martin og Sondre setja fleire lagsrekordar i friidrett.»

Gravferda er frå Hamre kyrkje 10. juli.

Me lyser fred over minnet til Johannes Loftås. 

 

(09.07.20)
Osterøy entreprenør AS OH Betong Thunestvedt Veslandshus Lobas Mjelstad og Stogge Rørleggerforretning Solberg Mek. Versted AS Bergan Bygg