Om Osterøy I.L. |Grasrotandel-nr: 975 682 447Innlogging intranett

Osterøy IL 100 år. Jubileumsutstilling vart opna 27. mai 2018 på Osterøy Museum

Sol og fint på museet 27. mai 

Sundag 27. mai kl 13.00 opna ordførar Jarle Skeidsvoll Liv i gamle stover på Osterøy museum. 

100-års jubileet til Osterøy idrottslag er markert med ei ny utstilling i hovudbygget.   Tidlegare leiar i Osterøy IL  Jørgen Varden heldt tale der Osterøy IL si 100 års markering naturleg nok var ein del av hovedinnhaldet. Han fletta også inn den fine prologen som Ingunn Rongved heldt på jubileumsmarkeringa i mars.  

Utstillinga som vert ståande til hausten 2018 omfattar både gamalt og nytt med gjenstandar, bilder, tekst m.m.

Dei 6 "rollupsane" med tekst og bilder omhandlar m.a. Skarphedin, Sterkodder, Mjeldalen skilag, Krigsåra, Kvinnepionerane og Osterøy IL.  Også tekstane med milepelar som er oppslått er vert ein titt. Utruleg mykje spanande som bokredaktør Bjarte Vik får plass til i jubileumsboka.

Jubileumsboka nærmar seg  fullføring og vil få offisiell lansering på museet til hausten i god tid før julehandelen.

Noko av innhaldet  i boka vart presentert på utstillinga.   I arbeidet med jubileumsboka og kontakten med informantar har det gledeleg nok dukka opp foto, gjenstandar  m.m. frå tidlegare tider.   Det meste av laget sine arkivalia m.m. er også i jubileumsåret innlema i Osterøy Museeum sitt lagsarkiv.  Mykje av dette materialet er også skanna og tilgjengeleg på Osterøy IL si wbside.

Det er eit sterkt ønskje at så mange som mogleg tek seg ein tur på museet og ser på utstillinga.  

(27.05.18)
Osterøy entreprenør AS OH Betong Thunestvedt Veslandshus Lobas Mjelstad og Stogge Rørleggerforretning Solberg Mek. Versted AS Bergan Bygg